Ravnakulten (291 moh)
Ravnakulten er det høgaste punktet på Halsnøy og eit populært turmål for både fastbuande og tilreisande. Turen går gjennom variert skogsterreng, og undervegs opnar det seg flotte utsyn over både Halsnøy og Skåneviksfjorden.
Ein kan starte frå fleire ulike stader, eller gå turen som ei rundløype. Ei fin rute går frå Hoie til Jamburfjell, vidare bort til Ravnakulten, og ned att anten til Radiohola eller til Djupevik.
På toppen ventar panoramautsikt og ein ekte "på toppen av øya"-følelse.
Tidsbruk: 2t, 30min
Lengde: 5,2km (pluss turen fra båthavna)
